Til innholdet

Prosjektnummer

900845

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 900845
Status: Avsluttet
Startdato: 05.11.2012
Sluttdato: 10.12.2012

Maring Fagdag 2012

Maring fagdag vart arrangert 29. november 2012 på Radisson Blu Airport Hotel, Gardermoen. Det er åttande gongen FHL arrangerer denne fagdagen. Det har tidlegare vore gjort i eit samarbeid mellom FHL og stiftinga Rubin. Etter at Rubin vart avvikla var det naturleg for FHL å invitere FHF til eit samarbeid om fagdagen.

Planleggjing
Det var eit ønskje frå medlemmene i FHL at fagdagen i 2012 skulle ha fokus på protein, og det var og ønskjeleg at bedriftene vart engasjert i utforminga av programmet. I FHL er det Jon Aulie som har hatt det administrative ansvaret for fagdagen i 2012. Han tok på forsommaren initiativ til å få sett saman ein programkomite, som har inkludert interesserte bedrifter, FOU-institusjonar og FHF v/ Stein Ove Østvik. Denne komiteen, som har hatt eitt fysisk møte og fleire telefonmøter, har i fellesskap kome fram til det programmet som vart presentert den 29.11.12.

Programmet
Fokus i programmet var altså marine proteiner, og alle dei 6 følgjande foredraga før lunsj var retta inn mot dette feltet:
• Sources of Protein from the Aquatic Environment.
Senior Research Scientist, Karl Shearer, Norwegian University of Life Sciences (UMB), Ås. Department of Animal and Aquacultural Sciences, University of Life Sciences. Seattle.
• Marine Proteiner, Bioaktivitet og assosierte helseeffekter.
Førsteamanuensis Rune Larsen. Universitetet i Tromsø.
• Marine proteiner til humant konsum, fra problemprodukt til masse produkt?
Hofseth BioCare Vice President for production, sales and distribution, Sjur Jenssen, Hofseth Biocare AS
• Marine Proteiner, tekniske utfordringer for produksjon av smaksnøytrale proteiner.
Seniorforsker Ivar Storrø, SINTEF Fiskeri og havbruk.
• Marine Proteins and heart disease.
Professor of nutrition, Helene Jacques PhD, DtP, Universitè Laval. p.t gjesteforsker ved NIFES I Bergen.
• Marine Proteiner og effekter på muskelmasse og fettlagring.
Forsker Oddrun Gudbrandsen Universitetet i Bergen, Institutt for indremedisin.

Presentasjonene ligg åpent tilgjengeleg på www.fhl.no og www.fhf.no.
Den aktuelle debatten om kritisk nivå av om omega-3, både i fôr til fisk og til human konsum vart belyst gjennom to foredrag.

Ein fast del av fagdagen er også ein gjennomgang av organisasjonane sitt arbeid. Dette er viktig for å synleggjere overfor bedriftene kva som er aktuelle saker i organisasjonane. Ein fekk her ein gjennomgang av aktuell FoU-innsats, næringspolitikk og ikkje minst regelverksutvikling frå FHF og FHL.

I tillegg vart også omdømme sett på dagsorden. Dette er eit felt som FHL ønskjer å ta litt meir grep om, og som difor vart løfta opp som eit eige tema på fagdagen.

Deltaking og nytteverdi for næringa
Det vart totalt 83 deltakarar til fagdagen, inklusive inviterte talarar. Fagdagen er open for alle. Konferanseavgifta varierte frå kr 1560 (ved tidleg påmelding) til kr 3125 ved sein påmelding.

Generelt har det vore ein raud tråd i alle fagdagane at ein skal ha ei blanding av vitskapelege innlegg og presentasjonar frå industrien. Dette har gjort at fagdagen er ein møtestad for bedrifter, FOU-institusjonar og andre organisasjonar. Det er diverre låg deltaking frå forvaltinga.

Fagdagen er kjend som ein kompetansehevande og interessant møtestad for bransjefolk i den marine ingrediensindustrien.
Fagdagen er en videreføring av tilsvarende fagdag som har blitt arrangert i samarbeid mellom FHL og Rubin i sju år. Arrangementet er åpent og retter seg inn mot aktører som produserer og selger marine ingredienser og som utnytter resråstoff fra fiskerinæringen. 

Maring fagdag er etablert som et fast og viktig møtepunkt for aktører innenfor den biomarine ingrediensindustrien.  
• Å kunne gi en faglig oppdatering for aktører innen marin ingrediensindustri
• Å være et møtested for aktørene (industri, FoU-institusjoner, myndigheter, organisasjoner m.m.).
• Å gi næringen oppdatert kunnskap og status på utvalgte felt relevant for næringen, der det på Fagdagen i 2012 er valgt å vektlegge marine proteiner; hva er status i næringen, hva er flaskehalser og utviklingspotensialet?
• Å presentere FHL og FHF sitt arbeid på området.
Utvikling av marin ingrediensindustri er et norsk satsingsområde, og er gitt prioritet både i Fiskeri- og kystdepartementet, i FHL og i FHF.

Fagdagen vil vise hvor en står, både forskingsmessig og når det gjelder næringsutvikling på ulike segmenter, men med vekt på protein.

Fagdagen vil være kompetansehevende for bransjefolk i den marine ingrediensindustrien. Næringen skal få innsikt i både saker som skjer på forskingsfronten og de aktivitetene som FHF og FHL har på området.
Maring fagdag 2012 arrangeres 29. november 2012 på Gardermoen (Radisson Blu Hotel). FHL har hatt møter i referansegruppe som har bidratt til å utarbeide programmet. Deltakelse i referansegruppen/møter har variert fra møte til møte, men har bestått av representanter fra næring og forskning. Invitasjon og program er kunngjort bredt ut til næringen.
 
Program og invitasjon er annonsert på FHL sin hjemmeside (http://www.fhl.no/maring/maring-fagdag-29-november-article4154-38.html).
Selve fagdagen som arrangement er en formidlingsarena. Presentasjoner legges på ut på FHL og FHF sine nettsider. FHL lager en oppsummering av de viktigste poengene fra foredrag og diskusjoner. Denne publiseres på FHFs nettside.
keyboard_arrow_up