Enkelte eldre prosjekter i databasen, særlig fra før år 2008, kan fremstå med mangelfull informasjon på grunn av overgang til nytt nettsted. Vi jobber fortløpende med forbedringer, skulle du oppdage feil, ikke nøl med å ta kontakt med prosjektansvarlig hos oss.
Prosjektnummer
622091
Dyphavsarter, identifisere problem og initiere utviklingsprosjekt
Ei styringsgruppe hadde ansvaret for å følgje opp Handlingsplanen. Strategiane vart utarbeidt i samarbeid med flåte- og eksportledd. Handlingsplanen har ført til at ein har oppnådd gode resultat innan fiske og omsetning av djuphavsartar i norsk fiskerinæring. Ein har løyst utviklingsoppgåver langs heile verdikjeda.
Forutan forskingsrapportane frå dei gjennomførte prosjekta, er informasjon formidla gjennom møter, seminar, foredrag, informasjonsbulletiner, produktdata-ark, nasjonale og internasjonale artiklar, samt radio- og tv-innslag.
I løpet av prosjektperioden har møteaktiviteten vore stor. Det er avvikla større fellesmøter og møter med enkelt bedrifter/rederi.

-
Notat: Oppgåver og finansiering for djuphavsaktiviteten i 2004 (Handlingsplan)
Møreforsking. Februar 2004.
-
Sluttrapport: Forskningsformidling om djuphavsaktiviteten til norsk fiskerinæring: i perioden 2002 til 2004
Møreforsking. Rapport Å0507. Mars 2005. Av Margareth Kjerstad.
Gjennom forprosjektet “Langtidsplan for utnyttelse av Nordatlantiske dyphavsressurser” tok Møreforsking initiativ til å utarbeide ein 3-årig handlingsplan for å utvikle fiske og omsetting av djuphavsartar. Målet med Handlingsplanen var å koordinere ulike finansieringsordningar til å vere med i utviklingsarbeidet for artane, slik at næringa kunne få rammevilkår til å arbeide langsiktig innanfor dette feltet.
• Å vidareføre arbeidet med handlingsplanen for å utvikle fiske og omsetting av djuphavsartar og utarbeide strategiar, skissere oppgåver og få til finansiering av dei prioriterte utviklingstiltaka.
• Å formidle resultat frå Møreforskning sitt FoU-arbeid på djuphavsarter til næringa.
• Å formidle resultat frå Møreforskning sitt FoU-arbeid på djuphavsarter til næringa.
Ein vil løyse utviklingsoppgåver for artane langs heile verdikjeda slik at næringa kan få rammevilkår til å arbeide langsiktig innanfor dette feltet.
Møreforsking og deltakarane i styringsgruppa vil delta på møter og konferansar saman med næringsaktørar, salslag og ulike finansieringskjelder for å informere om resultat og mulegheitene for å utnytte djuphavsartar i norsk fiskerinæring. Målsettinga med å delta på møta er å få etablert samarbeid mellom ledda i verdikjeda, identifisere utviklingsoppgåver og koordinere aktivitetane opp mot gjeldande finansieringsordningar.
Dette er et formidlingsprosjekt per se. Se Gjennomføring.
-
Sluttrapport: Forskningsformidling om djuphavsaktiviteten til norsk fiskerinæring: i perioden 2002 til 2004
Møreforsking. Rapport Å0507. Mars 2005. Av Margareth Kjerstad.