Til innholdet

Enkelte eldre prosjekter i databasen, særlig fra før år 2008, kan fremstå med mangelfull informasjon på grunn av overgang til nytt nettsted. Vi jobber fortløpende med forbedringer, skulle du oppdage feil, ikke nøl med å ta kontakt med prosjektansvarlig hos oss.

Prosjektnummer

552312

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 552312
Status: Avsluttet
Startdato: 01.01.2006
Sluttdato: 31.12.2008

Salmon louse vaccine: Identification and evaluation of novel antigens

I dette prosjektet er ein ny hormonreseptor (LsRXR1) identifisert i lakselus. Reseptoren syner likskap med reseptorar som er med på å meidiere signaler frå ecdysteroider i andre leddyr. For å studere funksjonen LsRXR1 har i lakselushoer nytta med RNAi til å skru av funksjonen i vaksne holus. RNAi forsøka synte av når ein slår ut LsRXR1 blir eggprodusjonen påverka og talet på egg og larver som vert produsert redusert med over 90 %, og larver som klekkar er ikkje levedyktige. Det er første gang dette er vist i copepodar. Hormonreseptorar som LsRXR1 er med på å styre genaktivitet ved at gen enten vert slått på eller av. For å sjå kva for effekt RNAi på LsRXR1 har nytta me ei nyutvikla lakselusmikromatrise med omlag 11000 ulike lakselusgener. Resultata frå mikromatrise forsøket synte at mange gene er styrt av LsRXR1 enten direkte eller indirekte.

Hovudfunnet er at fleire sentrale gen knytt til eggprodusksjon vert slått av medan gen som har med vekst å gjere vart aktivert. Det ser faktisk ut til at lakselushoene trur dei skal vekse meir og ikkje produsere komponentar som skal inngå i egga.

Den store utfordringa i å utvikle vaksiner mot ektoparasittar er å finne vaksinemål som effektivt stopar livssyklussen til parasitten. Å gjere dette ved å gjere kliniske vaksineforsøk (forsøk der fisk vert vaksinert og smitta på normal måte) er særs tidkrevjande. I dette prosjektet har me raffinert RNAi i lakselus. RNAi er ein metode der ein kan skru av/ned effekten til eit gen og effekten av dette vil gi ein peikepinne på om genproduktet er brukbart i ei vaksine. Dersom ein ikkje har effekt ved RNAi er det liten sjangs for at ei vaksine retta mot same mål vil gi effekt. Omlag 10 vaksinemål er testa på denne måten i dette prosjektet. Saman med arbeid med forbetringar av smittemodell med lakselus vil det i framtida vera mulig å setje opp eit system der mange vaksinemål kan testast ved hjelp av RNAi. I tillegg vil smittemodellen gjere at langt fleire vaksinemål kan testast ut klinisk enn før.
Prosjektresultatene tyder på at det kan være en mulighet for å finne frem til en metode for "vaksinering" mot lakselus, men også at det er et svært krevende og usikkert forskningsarbeid som uansett vil kreve mange års jevn forskningsinnsats.
keyboard_arrow_up