Enkelte eldre prosjekter i databasen, særlig fra før år 2008, kan fremstå med mangelfull informasjon på grunn av overgang til nytt nettsted. Vi jobber fortløpende med forbedringer, skulle du oppdage feil, ikke nøl med å ta kontakt med prosjektansvarlig hos oss.
Prosjektnummer
Avl for ein oppdrettslaks med større motstandskraft mot lakselus
Dette prosjektet ble avsluttet vinteren 2009, og forskningen videreføres i et Forskningsråd/FHF-finansierte prosjektet “Towards selection for increased resistance to salmon lice” (FHF-900259) Denne innsatsen har ført til at minst en av de kommersielle rognleverandørene markedsfører rogn selektert for egenskapen luseresistens.
-
Poster: Avl for større motstandskraft mot lakselus hos oppdrettslaks: Eit supplerande tiltak til "Nasjonal handlingsplan mot lus på laksefisk"
Nofima. Havbrukskonferansen 2008. Av Bjarne Gjerde, Frank Nilsen, Aleksei Krasnov og Rune Stigum Olsen.
-
Sluttrapport: Avl for ein oppdrettslaks med større motstandskraft mot lakselus: Eit supplerande tiltak til "Nasjonal handlingsplan mot lus på laksefisk"
Nofima. 18.11.2008. Av Bjarne Gjerde.
-
Vit. artikkel: Arvelig variasjon i motstandskraft mot lakselus hos laks
Artikkel i Norsk Fiskeoppdrett nr 6a 2009, s. 61-63. Bjarne Gjerde, Bjarne Saltkjelvik og Jørgen Ødegård.
Lakselus på oppdretta laksefisk representere ein stor kostnad for oppdrettsnæringa og ein risiko for overføring av lakselus til vill laksefisk. Hos atlantisk laks er det påvist betydeleg arveleg variasjon i motstandskraft mot lakselus. Laksen sin motstandskraft mot lakselus kan difor styrkast gjennom eit målretta avlsarbeid.
Over tid vil dette kunne redusere behovet for avlusing, redusere risikoen for utvikling av lakselus som er resistent mot dei lusemidlane som vert brukt i dag og auke levetida på desse midlane, og redusere smittepresset av lakselus på vill laksefisk.
• Å få fram meir pålitelege estimat av storleiken på den arvelege variasjonen i motstandskraft mot lakselus hos laks, målt som tal lus per fisk i ein kontrollert smittetest.
• Å undersøke om det er nokon skilnad i motstandskraft mot lakselus mellom laks og regnbogeaure.
Utval for ein laks med større motstandskraft mot lakselus vil ha stor økonomisk verdi på minst tre felt:
(a) redusert behovet for avlusing
(b) redusert risiko for utvikling av lakselus som er resistent mot dei medikamenta som vert brukt i dag og auka levetida på desse medikamenta, og
(c) redusert smittepress av lakselus på vill laksefisk.
At regnbogeauren er meir mottakeleg for lus enn laksen er eit signal om at ein bør undersøke om det er stor nok arveleg variasjon i motstandskraft mot lus også hos regnbogeaure til å starte eit målretta avlsarbeid for å redusere luseproblema hos denne arten.
At det er funne skilnad mellom laks og regnbogeaure i motstandskraft mot lakselus per fisk kan ha betyding for lokalisering av matfiskanlegg og for korleis ein best skal sette inn målretta tiltak mot lus hos desse to artane.
På det undersøkte utviklingsstadiet for lusa (chalimus II-III) var regnbogeauren meir mottakeleg for lus enn laksen. Dette er ikkje i samsvar med tidlegare funn og den generelle haldninga som råder om at regnbogeauren er mindre mottakeleg for lus enn laksen.
Betydeleg arveleg variasjon
Resultata viser og at det er ein betydeleg arveleg variasjon i tal lus per fisk hos laks og at denne variasjonen i liten gard er påverka av at stor fisk i gjennomsnitt har fleire lus enn mindre fisk.
Fordi tal lus per fisk vart registrert på eit tidleg utviklingsstadium for lusa bør dette etterprøvast ved å registrere tal lus per fisk også på seinare utviklingsstadium for lusa.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Akvaforsk og Havforskningsinstituttet.
-
Sluttrapport: Avl for ein oppdrettslaks med større motstandskraft mot lakselus: Eit supplerande tiltak til "Nasjonal handlingsplan mot lus på laksefisk"
Nofima. 18.11.2008. Av Bjarne Gjerde.