Prosjektnummer
901045
Anisakis (kveis) i regnbogeaure – undersøking av førekomsten av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure (Onchorhynchus mykiss) oppdrettsørret
• Det ble ikke påvist nematoder i konsumfisk i denne undersøkelsen.
• Funn av parasitter av typen anisaksis eller lignende er avgrenset til taperfisk.

Samandrag av resultat frå prosjektets faglege sluttrapport
Ingen produksjonsfisk meint til konsum var infisert med nematodar i denne studien. Rapporten fra NIFES slår fast at det er særs lite sannsynleg at regnbogeaure i Noreg til humant konsum er infisert med Anisakis, eller andre parasittar, i fileten.
Funna i taparfisk viser like fullt at kveis, både Anisakis og Hysterothylacium, kan finne vegen inn i oppdrettsmerdane.
Denne undersøkinga viser, som for oppdrettslaks, at kveisinfeksjonar i regnbogeaure i Noreg ser ut til å avgrense seg til taparfisk. Det vil seie at ingen regnbogeaure teken frå transportbandet etter første sortering hadde kveis i seg.

Resultatet er som forventet og vil dermed sammen med resultater fra undersøkelse i laks, danne grunnlag for at en kan se bort fra risiko for Anisakis i oppdrettet laksefisk. Nytten av undersøkelsen vil komme frem ved at en unngår krav om frysing før konsum av rå fisk. Dette er avgjørende for videre vekst i konsum av rå laks og ørret.
-
Sluttrapport: Nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure
Rapport fra Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)13.01.2017 Irja Sunde Roiha, Amund Maage og Arne Levsen
-
Sluttrapport: Nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure (Onchorhynchus mykiss)
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). 13. januar 2017. Av Irja Sunde Roiha, Amund Maage og Arne Levsen.
Parasittar er vanlege i villfisk frå sjø, særleg larvane frå enkelte parasittiske rundmarkar, på folkemunne det vi kjenner som “kveis”. I våre farvatn er dei viktigaste artane Anisakis simplex og Pseudoterranova decipiens. Begge desse artane kan gi akutte magesmerter, diaré og oppkast dersom dei vert konsumerte levande. Kveis døyr ved frysing, steiking, koking eller sterk salting over tid.
I ei årrekkje har Noreg hatt unntak frå dette frysekravet for oppdretta atlantisk laks (Salmo salar). Utgangspunktet for unntaket er at risikoen for at oppdretta laks inneheld kveis vert vurdert som liten, først og fremst fordi livssyklusen til parasitten vert broten i og med fisken et tørrfôr som er varmebehandla. No er unntaket frå frysekravet teke inn i regelverket til EU (forordning nr. 1276/2011), slik at det kan omsetjast rå fersk oppdretta laks, utan frysing på førehand. I same forordning opnast det dessutan for at også andre oppdretta fiskeslag enn laks kan fritakast frå frysekravet dersom det føreligg dokumentasjon på at produktet ikkje utgjer ei helsefare med tanke på førekomst av parasittar. Mattilsynet ønskjer å føre vidare frysefritaket i nasjonal forskrift, og vurderer å utvide frysefritaket til også å gjelde andre oppdrettsarter, dersom tilstrekkeleg dokumentasjon på fråværet av kveis er tilgjengeleg.
På bakgrunn av dette er det no behov for ei nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis i norsk oppdretta regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), lik den som vert gjennomført for oppdrettslaks. Føremålet er å undersøkje om fisken/filéten av norsk regnbogeaure frå oppdrett er fri for anisakislarvar, og eventuelt vurdere om slike larvar var levande ved prøvetakingstidspunktet. Regnbogeaure er ikkje inkludert i fritaket frå frysekravet. Undersøkinga er difor nødvendig som generisk dokumentasjon på om frysefritaket også kan gjelde norsk oppdretta regnbogeaure. Denne undersøkinga er også viktig, sidan European Food Safety Authority (EFSA) har konkludert med at laksefisk (salmonidar) ikkje kan regknast som ei (1) gruppe i høve til frysefritaket.

• Å oppdatere status med tanke på førekomst av Anisakis i norsk oppdretta regnbogeaure.
• Å kartleggja moglege sesongrelatert førekomst av Anisakis i konsum- og taparfisk.

I tillegg til å vere eit viktig bidrag for revurdering av gjeldande regelverk, vil prosjektet gi auka kunnskap om viktige faktorer som kan påverke førekomsten av Anisakis i norske oppdrettsanlegg for regnbogeaure.
Undersøkinga vil berre inkludere hausteklar regnbogeaure.
Kvart uttak vil bli gjennomført meir eller mindre tilfeldig og på kort varsel, etter at NIFES har teke direkte kontakt med aktuelle slakteri.
For å sikre at prosjektet er uavhengig av næringa, vil personale frå NIFES vere til stades og styre logistikken i samband med kvart uttak. Dette inkluderer registrering av prøvane og organisering av transport av fisken til NIFES. Ekstrautgifter, i samband med uttak, hjå dei involverte slakteria, i form av tapt konsumfisk vil bli dekka av prosjektet. Sjølve prøvetakinga av regnbogeaure skal følgje hovudlinene i Mattilsynet sin instruks for prøvetaking i samband med eit pågåande overvakingsprogram – Fremmedstoffprogrammet for fisk etter 96/2.
I samband med kvart uttak får NIFES kopi av slakteprotokollen med viktig informasjon om produksjonslokaliteten og -prosessen, i tillegg til å sikre at regnbogeauren kan sporast frå slakteria tilbake til dei aktuelle anlegga og merdane.
For å ivareta kravet om ei landsdekkande undersøking, skal det takast ut fisk frå alle fylka der det føregår produksjonen av regnbogeaure. Plan for uttak er i høve til regionar, Nord-Noreg (Finnmark, Troms og Nordland), Vestlandet (Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland) og Sørvestlandet (Rogaland og Agder).
Prøvetalet for dei sydlegaste fylka er overrepresenterte med tanke på deira respektive produksjonsvolum. Når det er venta at mengda positive prøvar er svært låg, må prøvetalet aukast. Dette er viktig for å kunne få eit representativt utval og ha grunnlag for å kunne seie noko om førekomsten av Anisakis i oppdretta regnbogeaure. Det er også viktig å ha høge nok tal til å vurdere eventuelle effektar av høgare vasstemperatur. Det vert lagt opp til totalt ni (9) uttak; tre (3) per region fordelt over 18 månader, slik at alle årstider og moglege sesongvariasjonar vert dekka.
Heile fisken, dvs. både filétar og innvolar skal undersøkjast. Til dette nyttar vi den tidlegare nemnte kompresjons/UV-metoden. Metoden går ut på å flatpresse heile fisken (filét og buklapp) i tillegg til innvolane, i separate gjennomsiktige plastposar, ved hjelp av ei hydraulisk presse. Etter at posane med fisk har vore gjennomfrosen og vorte tint vert desse undersøkte makroskopisk for nematodar under ei 366 nm UV-lyskjelde.

Følgjande er med i formidlingsplanen:
• orienteringsmøte for sentrale næringsaktørar med gjennomgang av resultata før publisering
• sluttrapport, inkl. samandrag på engelsk, med konklusjon med tanke på førekomsten av Anisakis i oppdrettsaure på landsasis i Noreg
• manuskript til artikkel i internasjonal fagtidsskrift
• populærvitskapleg artikkel i eit norsk tidsskrift/nettavis
• orienteringsmøte for sentrale næringsaktørar med gjennomgang av resultata før publisering
• sluttrapport, inkl. samandrag på engelsk, med konklusjon med tanke på førekomsten av Anisakis i oppdrettsaure på landsasis i Noreg
• manuskript til artikkel i internasjonal fagtidsskrift
• populærvitskapleg artikkel i eit norsk tidsskrift/nettavis
-
Sluttrapport: Nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure (Onchorhynchus mykiss)
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES). 13. januar 2017. Av Irja Sunde Roiha, Amund Maage og Arne Levsen.
-
Sluttrapport: Nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure
Rapport fra Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)13.01.2017 Irja Sunde Roiha, Amund Maage og Arne Levsen
Medieomtale
NIFES: – Ingen kveis i oppdrettsørret
kyst.no