No ligg alle lysarka frå Trygg-Mat-dagen på nett
Få med deg alt om funksjonell mat, sporing av kvitfisk, auka forbrukartillit gjennom tid-temperatur-indikatorar (TTI), matvaretryggleik gjennom ISO 22000, miljømerking med MSC, merkevarebygging, og den nye forskrifta for sunnheitsmerking.
Trygg-Mat-dagen er eit årleg arrangement som i haust blei gjennomført 14. august. Dagen blei arrangert av NSL (Norske Sjømatbedrifters Landsforening) med støtte frå forskingsfondet FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond). Alle lysarka frå arrangementet følgjer fortløpande under, med ein kort omtale av innhaldet i kvart lysark. Linken er dessverre fjernetSjømat og helseeffektarLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Rune Larsen, Even Stenberg: "Lansering Hav og Helse"Linken er dessverre fjernet Larsen og Stenberg lanserte heftet "Hav og Helse", og fortalte om arbeidet bak og hovudpunkta i heftet, som har blitt godt motteke i tida etter lanseringa. Sjølve heftet finn du Linken er dessverre fjernetherLinken er dessverre fjernet. Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Vibeke Landaas: "Berikning av matvarer"Linken er dessverre fjernet Det er for tida mykje snakk om såkalla funksjonell mat, der produsenten setjar til omega-3 og andre næringsstoffar. Landaas diskuterte fenomenet og slo fast at mat med tilsatt omega-3 ikkje kan ta fisken sin plass i kosthaldet. Sjømat inneheld ein lang rekke næringsstoffar som kan gi helsefremmande effektar. Linken er dessverre fjernetForbrukarkrav til trygg matLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Rolf Hancke, Kine Mari Karlsen: "Praktisk sporing av fisk fra fiskebåt til butikk"Linken er dessverre fjernet Hancke og Karlsen greia ut om eit prosjekt for å gi Coop og forbrukarane meir og betre informasjon om fisken sitt opphav og eigenskapar. Sporinga går frå båten kjem i land på mottaket, og til fisken ligg i butikken. Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Leif Harald Hansen: "Freshlabel"Linken er dessverre fjernet Hansen fortalte om tid-temperatur-indikatorar (TTI) til bruk i kjølekjeda. Denne teknologien er basert på organiske krystallar som skifter farge ut frå dei temperaturinnverkingar dei blir utsett for. Dette gjer det mogleg å presentere eit mål for den akkumulerte temperaturhistoria til produktet og såleis styrke konsumenten si tillit til produktkvaliteten. Linken er dessverre fjernetSertifisering og merkeordingarLinken er dessverre fjernet Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Kari-Anne Lenvik: "ISO 22000, en enklere vei i standardjungelen?"Linken er dessverre fjernet Standarden ISO 22000 setjar fokus på matvaretryggleik i heile verdikjeda. Lenvik gjennomgikk kven som kan bli sertifisert og kva som er hovudinnhaldet i standarden. Hun samanlikna òg ISO 22000 med kvalitetsstandarden BRC (British Retail Consortium). Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Tor Bjørklund Larsen: "Miljømerker til bruk i sjømatnæringen"Linken er dessverre fjernet Larsen gikk nærmare inn på miljømerket Marine Stewardship Council (MSC), blant anna med tanke på sporing og bestandsevalueringar for forskjellige fiskeslag. Han gjennomgikk også KRAV-merket, som er viktig i den svenske marknaden. Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Frode Kristensen: "Hva betyr merkeordningene for sjømatnæringen"Linken er dessverre fjernet Kristensen tok utgangspunkt i at ein merkevare er noko som berre eksisterar i hovudet på folk. Han viste blant anna til den nye merkevara "Linken er dessverre fjernetTørrfisk fra LofotenLinken er dessverre fjernet", og oppfordra næringa til å dokumentere fortrinna til norsk sjømat, auke forbrukarane sin kompetanse, og bruke merkevarebygging som eit middel til å auke meirsalet i Noreg. Linken er dessverre fjernetLinken er dessverre fjernet Lisa Maria Garnweidner: "Nøkkelhullsmerking"Linken er dessverre fjernet Garnweidner fortalte om det pågåande arbeidet med sunnheitsmerking, som er ei oppfølging av regjeringa si handlingsplan for eit sunnare kosthald. Merkinga skal synliggjere dei beste ernæringsvala for forbrukaren og stimulere produsentane til å utvikle fleire sunne produkt. Det er utforma eit utkast til forskrift om frivillig merking med nøkkelhull, og forskrifta er tenkt å tre i kraft i første del av 2009. For bakgrunnsinformasjon, sjå » artikkel om heftet "Linken er dessverre fjernetHav og HelseLinken er dessverre fjernet" » prosjektet "Linken er dessverre fjernetTørrfisk fra LofotenLinken er dessverre fjernet"