Til innholdet

Avl av laks med større motstandskraft mot lakselus

Lakselus på oppdretta laksefisk fører til store kostnader for oppdrettsnæringa og auka risiko for overføring av lakselus til vill laksefisk. Det er dokumentert betydeleg arveleg variasjon i motstandskraft mot lakselus hjå atlantisk laks. Akvaforsk og Havforskningsinstituttet skal i eit nytt prosjekt gjere bruk av denne dokumentasjonen for å avle fram ein oppdrettslaks som har større motstandskraft mot lakselus.

Ved mellom anna å utnytte dei naturlege variasjonen i genane til laksen, kan ein gjennom målretta avlsarbeid styrka laksen sin motstandskraft mot lakselus. Over tid vil dette kunne redusere behovet for avlusing, redusere risikoen for utvikling av lakselus som er resistent mot dei lusemidlane som vert brukt i dag og auke levetida på desse midlane. Desse tiltaka vil også redusere smittepresset på vill laksefisk. I fyste omgang er hovudmålet for prosjektet å få fram meir kunnskap om arvelege variasjon i motstandskraft mot lakselus og korleis denne kunnskapen kan brukast til å finne fram til eit utval av laks med betre motstandskraft mot lakselus - noko som vil kunne betre økonomien i næringa.

 Dei enkelte delmåla i prosjektet vil være: - Få fram meir pålitelege estimat av storleiken på den arvelege variasjonen i motstandskraft mot lakselus, her målt som tal lus per fisk i kontrollert smittetest. - Undersøke om ulike uspesifikke immunologiske parametrar i slim/serum hos laks kan brukast som indirekte utvalskriterium i avlsarbeidet for ein meir motstandskraftig laks. - Undersøke overleving hos lakselus i fortynna slim/serum frå laks med ulik motstandskraft mot lakselus. - Undersøke om ein ved hjelp av genteknologiske metodar (microarray, proteomix) kan påvise gen og/eller biomarkørar som kan brukast i genomisk seleksjon for ein laks som er meir motstandskraftig mot lakselus. - Undersøke graden av parasitt-vert interaksjon for gen relatert til motstandskraft mot lakselus. -

Demonstrere kva ein kan oppnå gjennom eit målretta avlsarbeid for ein laks med betre motstandskraft mot lakselus når utvalet er basert på data frå ein kontrollert smittetest. - Undersøke eit utval forbrukarar, oppdrettarar og avlsselskap sine haldningar til ulike måtar å stogge lakselus på.

FHF har støtta prosjektet, som blir avslutta i 2008, med 600.000 kr. Ynskjer du å vite meir om prosjektet, kontakt prosjektleiar Bjarne Gjerde, Akvaforsk

keyboard_arrow_up