Til innholdet

Prosjektnummer

900826

Prosjektinformasjon

Prosjektnummer: 900826
Status: Avsluttet
Startdato: 01.07.2013
Sluttdato: 31.12.2014

PostSmolt – Del E: Effektar på helse, sjukdom og velferd ved optimalisert postsmoltproduksjon i lukka og semilukka anlegg

Resultatene fra prosjektet viser ingen funn av alvorlig sykdom, vevsendringer eller agens som med sikkerhet kan relateres til driftsformene som er inkludert i studien.

I en helhetsvurdering bør en ta høyde for at det kan ha vært ukjente faktorer som har spilt en rolle for resultatene, uten at det kunne registreres med de valgte metodene.
Framvekst av lukka og semilukka oppdrettsstrukturar har blitt sett på som ei naturleg utvikling for å møte miljømessige og sjukdomsmessige utfordringar som høy dødelighet i sjøfasen, røming,  lakselus og PD (pankreassykdom). Ved å forlenge tida fisken blir halden under kontrollerte betingingar i ein postsmolt-fase ønskjer ein å produsere større og meir robust fisk før utsett i opne merdar. Suksessrik utnytting av denne typen produksjonsteknologi har og eit stort potensiale til å effektivisere produksjonen.

En kjenner imidlertid lite til dei helsemessige konsekvensane av denne typen drift. Prosjektet tar tak i dette ved å følge to semilukka anlegg og eit lukka resirkuleringsanlegg i ein produksjonssyklus. Ved å gjere dette får ein opparbeidd fiskehelsekompetanse om denne typen drift. Viktige utfordringar her er vintersår og eventuelle gjellesjukdommar. Prosjektet blir samkøyrt med eit pågåande prosjekt finansiert av Norges forskningsråd (innovasjonsprosjektet “Optimalisert postsmolt-produksjon (OPP)”, nr. 217502/E40) som tar for seg drift og velferd for denne typen anlegg. 
 
Prosjektet inngår som ein del av FHF si satsing innan postsmoltproduksjon. Desse er:
• “PostSmolt – Del D: Grenseverdier for karbondioksid for postsmolt i lukkede oppdrettsanlegg” (FHF-900895)
• “Effekter på helse, sykdom og velferd ved postsmoltproduksjon i semi-lukkede anlegg – Del A: Tetthetstoleranse og vannforbruk” (FHF-900816)
Å oppnå kunnskap om helserelaterte faktorar knytt til optimalisert postsmoltproduksjon i semilukka og lukka resirkuleringsanlegg (RAS). 

Delmål
Hovedmål skal nås gjennom ein tredelt tilnærmingsmåte. Prosjektet skal følge ein produksjonssyklus:
1. Å følgje helseutviklinga til fisk produsert under desse tilhøva gjennom ein produksjonssyklus.
2. Å følgje opp fisken i matfiskperioden for å undersøke korleis den presterar helsemessig samanlikna med meir tradisjonelt produsert fisk.
Det er forventa at resultatet av prosjektet skal kunne nyttast til vidare utvikling av optimalisert postsmoltproduksjon i semilukka og lukka oppdrettsanlegg. Denne typen drift er i tillegg til dei helsemessige og miljømessige gevinstane forventa å kunne gje ein produksjonseffektivisering.
Prosjektet blir gjennomført ved å følge to semilukka sjøbaserte anlegg og eit landbasert semilukka anlegg gjennom ein produksjonssyklus der det blir tatt mikrobiologiske og histologiske undersøkingar av postsmolten.
 
Prosjektet tar sikte på å kartlegge dødsårsak og helsetilstand i fisken.
Det vil bli utforma ein mal for kartlegging av dødsårsak og helserelaterte endringar for fisken. Registrering av funn opp mot denne malen vil skje i tett relasjon til fiskhelseteneste og mannskap som utfører rutinerøkting på anlegga.

Det vil bli tatt periodemessige histologiske og mikrobielle prøver av fisken. Mikrobielle prøver omfattar bakteriell prøvetaking frå fisken på fleire typar dyrkingsmedium og vevsprøver på RNAlater for sanntid PCR undersøking. Det vil også bli tatt prøver av biofilm på veggen av anlegga for å undersøke denne med Denaturerande Gradient Gelelektroforese (DGGE).

Prosjektet skal følge første produksjonssyklus i anlegg som er semilukka og RAS-anlegg.

Kartlegging av fiskevelferd inngår i eit anna prosjekt finansiert av Norges forskningsråd (innovasjonsprosjektet “Optimalisert postsmolt-produksjon (OPP)”, nr. 217502/E40), og vil bli kontinuerleg samkøyrt med dette prosjektet.
Resultat vil bli formidla bl.a. i form av presentasjon ved faglige møter, populævitenskaplege artiklar og planlagt publikasjon i Norsk veterinærtidsskrift.
keyboard_arrow_up